Det var denne bilen som kom inn på Rv 5 frå fylkesvegen på sørsida. Skadane var stotre, men til all lukke ingen personskade.

Bilkrasj utan personskade

Dei hadde flaks dei fire personane som var innblanda i ein skikkeleg smell på Rv 5 på Kjøsnes i Jølster fredag ettermiddag.


Manglande vikeplikt
Kollisjonen som skjedde i 14-tida var eit resultat av manglande vikeplikt frå ein bil som kom inn på Rv 5 frå Kjøsnesbrua. Den andre innvolverte bilen kom frå Skei og fekk den andre inni sida. Bilen som kom inn frå Fylkesvegen fekk fronten smadra og det var også store skadar på den andre.
Ifølgje politiet på staden var det ikkje personskade, noko som må karakteriserast som stort hell i uhell. Alle naudetatane var på plass og det var ei stund manuell dirigering av trafikken forbi skadestaden.

Naudetane var på plass og trafikken vart ein periode dirigert manuelt.
Også den andre bilen fekk store skader.