Bil køyrde inn i ras på E39 i Sunnfjord
Det har gått eit steinras over E39 ved Bekkjavatnet i Sunnfjord, ifølgje politiet. Eitt køyretøy har køyrt inn i raset.
Ingen personar skal vere skadde som følgje av raset, og køyretøyet har berre mindre skadar, opplyser Vest politidistrikt i politiloggen.
Raset kjem brått på trafikantane, ifølgje operasjonsleiar Ole Ronny Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sørgåande køyrefelt var stengt. Klokka 8.15 opplyser politiet at det er sett i verk manuell trafikkdirigering.
Steinraset vart meldt inn til nødetatane klokka 7.39 måndag morgon. Politiet var på staden klokka 8.09. (©NPK)