Overnattingstala ved hyttene til Den Norske Turistforening (DNT) er tilbake på 2019-nivå. Bildet er frå 2018 og viser skiløparar ved DNT si turisthytte på Høgevarde på Norefjell. Foto: Erik Johansen/NTB/NPK.

Beste påskestart på mange år for turistforeininga

Overnattingstala ved hyttene til Den Norske Turistforening (DNT) er tilbake på 2019-nivå. Fint vêr og godt føre har gitt foreininga ein sterk påskestart.

Etter fleire år med koronarestriksjonar og varierande vêr i fjor, er det igjen stor pågang på DNTs betente fjellhytter. Dei fleste hyttene har ein auke i talet på overnattingar frå i fjor, ifølgje turistforeininga.

– Hyttene våre melder om godt besøk i alle fjellområde der vi har betente hytter. Det er tydeleg at folk er interesserte i god gammaldags hyttepåske i fjellet, seier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at overnattingstala no er tilbake på 2019-nivå, det vil seie slik dei var før pandemien.

Og det er ingen grunn til at interessa skal minke denne påska. Fleire stadar i landet er det minusgrader om natta og strålande sol om dagen, som gjer at draumeføret held seg heile veka.

– Vi oppmodar alle som ikkje har bestemt seg for kva dei skal gjere resten av påska til å utnytte forholda og komme seg til fjells. Mange av hyttene har godt med plass både no og seinare i påska, seier Solvang. (©NPK)