Idylliske Astruptunet i bakkane over Jølstravatnet er vel verd eit besøk.

Besøk den fantastiske kunstnarheimen ved Jølstravatnet

Den vakre heimen til kunstnarane Nikolai Astrup (1880-1928) og kona Engel (1892-1966) ligg på sørsida av Jølstravatnet, omtrent midt mellom Sanddalen og Myklebust.

Nikolai Astrup er ein av Noreg sine mest kjende kunstnarar. I 2016 og 2021/22 var det utstillingar av kunsten hans i England, Tyskland, USA og Sverige.

Stor hage

Nikolai Astrup var ein nyskapar i tresnittkunsten i Noreg. Etter studiar i Oslo og Paris, flytta han heim for å skildre naturen i Jølster. Engel Astrup var tekstilkunstnar og produserte mellom anna bunadsforkle og gardiner. Ho hadde ei sentral rolle som driftar av ekteparet sin heim, og er gjerne omtala som «den første tundirektøren».

Artikkelen held fram under annonsen.

I Astruptunet, som er eit kunstverk i seg sjølv, produserte Nikolai Astrup mesteparten av kunsten sin, både oljemåleri og tresnitt. Bygningar, interiør og gardshagen kjenner ein att i kunstverka, og mykje av dette er skapt og forma av Nikolai.

Den berømte kunstnaren hadde ein stor hage der han dyrka bær, frukt og grønsaker. Ein del av produksjonen gjekk til å lage vin, ein vin som var sterkt etterspurd i bygda, spesielt til festlege høve som bryllaup. Hagen og resten av tunet er no under restaurering, eit prosjekt som er i innspurten, og som har til mål å gjenskape livsverket til dei som budde der.

Nikolai Astrup sin fargerike kunst er verdskjend. Dette er «Soleienatt».

Små stover

Publikum kan oppleve ein hage med overflod av plantar og vekstar som Nikolai Astrup nytta igjen og igjen som motiv i måleria sine. Fruktblomstringa om våren, dei raudglødande rabarbraene, bær på seinsommaren og frukt på hausten fortel òg historia om sjølvbergingshushald.

Restaureringsarbeidet av tunet og hagen er ein del av formidlinga publikum får servert. Saman med sommarvertar kjem ein inn i dei små stovene som Astrup-familien budde i, og ein får høyre korleis dei levde på første halvdel av 1900-talet.

I galleribygningen, som er ein kopi av Astrup sin eigen fjøs, finn ein dei unike trykkplatene og stemningsfulle tresnitta, og eit lite utval av rike måleri. I galleriet finn ein òg nokre av dei vakraste stofftrykka til Engel Astrup.

I den nyrestaurerte kaféen kan ein kjøpe heimelaga vaflar og sveler, iskrem, kaffi og suvenirar.