Berre nesten for GHK-damene

GHK sitt damelag tapte 25-22 i den svært viktige kampen mot Jotun søndag. No står laget i overhengjande fare for å rykke ned i 4. divisjon.

Minst eitt lag rykker ned frå 3. divisjon. Før kampen i Årdalshallen søndag stod GHK utan poeng, Jotun med to. Kampen var slik sett svært viktig for begge lag. Dessverre lukkast det ikkje for glopparane å ta med seg poeng heim.

Det gjekk betre for GHK sitt herrelag i møtet med NHHI i Trivselshallen. Heimelaget vann 28-25.

Les meir om kampane i papiravisa tysdag.