Autovernet hindra ei langt meir dramatisk ulukke.

Berga av autovernet

Autovernet vart redninga for bilføraren.

Måndag ettermiddag rundt klokka 17.00 rykte Gloppen brann og redning ut etter melding om trafikkulukke på E39. Også to ambulansar kom raskt på staden. Ein bil på veg mot Sandane køyrde først utfor vegen på høgre side i den slake svingen før Trebohus og deretter rett over vegen og inn i autovernet på motsett side.



Høgt ned
Her er det høgt ned. Bilen hadde knekt eit par stolpar i autovernet som til alt hell likevel stod i mot og hindra ei langt meir dramatisk ulukke. Det var berre den mannlege føraren i bilen. Han vart frakta til Førde sentralsjukehus for observasjon. Det var også ein hund i bur i bilen. Han kom uskadd frå hendinga.

Ulukka førte til at trafikken stogga opp ei stund. Ein politipatrulje frå Førde kom også til staden, men det var første etter ein time.

Eit par-tre stolpar i autovernet vart knekte.
Eit par-tre autovernstolpar vart knekte.