Basaren slo alle tidlegare rekordar
- Resultatet er rett og slett heilt fantastisk, seier leiar i Foreninga Breimshallen, Per Svein Reed, etter basaren søndag.
Folk strøymde til storstova i Breimsbygda søndag ettermiddag.
Bygdefolk og tilreisande i alle aldrar lét seg freiste av ein god basardag, og pengane sat laust.
Nesten 140.000 kroner
- I fjor trudde vi at vi hadde nådd eit tak på kva som var mogleg å få inn, vi runda 110.000. Men nei, basaren sist helg resulterte i nesten 140.000 kroner i brutto inntekt. Det er rett og slett heilt fantastisk, seier Per Svein Reed.
Han tek den gode oppslutnaden som eit prov på at Breimshallen er viktig for bygda, og at bygda støttar opp om tiltaka som blir gjorde for å halde ved like og pusse opp den tradisjonsrike storstova.
Viktig inntektskjelde
Meir enn 50 bedrifter og privatpersonar var rause med gåver til vinstar. Over 120 vinstar på loddsal og åresal fekk nye eigarar i løpet av denne ettermiddagen, og dyktige kakebakarar i bygda bidrog med 25 herlege kaker
- Vi set umåteleg stor pris på alle vinstane og kakene vi har fått til basaren, og ikkje minst den gode mottakinga vi har fått når vi har besøkt husstandane i bygda med loddbøker. For oss i Foreninga Breimshallen er dette den viktigaste inntektskjelda gjennom året. Vi er svært bevisste på at pengane vi får inn skal bli godt nytta, slik at dei kjem bygdefolket til gode, understrekar Per Svein Reed.
Showtime-show
Basaren har òg ein annan funksjon, å gje bygdefolket ein møteplass der dei kan kome saman til sosialt samvær. Dette er ikkje minst viktig i tider der alt av nyhende dreiar seg om krig og ufred i ei uroleg verd.
- Kan vi skape ei koseleg samkome og eit friminutt med god søg og god underhaldning, har vi oppnådd ein viktig faktor. I den samanhengen var Showtime sine framføringar endå ein gong ein innertiar. Dei kring 30 borna/ungdomane under leiing av Louise Tveito imponerte. For ei spele-, synge- og danseglede, dei rett og slett sprudla på scena med imponerande presisjon og utstråling, smiler Reed og legg til at arrangørane opplevde at basaren var ei kjekk stund for alle som møtte opp.