Snapchat blir trekt fram som plattforma politiet får flest tips om. Foto: Beate Oma Dahle /NTB/NPK.

Barn og unge blir utnytta på mange appar

Politiet, Redd Barna og Barnevakten åtvarar om at alle plattformer med kommunikasjon kan misbrukast til overgrep, mobbing, narkotikasal, seksuell utpressing og deling av skadeleg innhald.

Publisert Sist oppdatert

Det skriv NRK.

Snapchat blir trekt fram som plattforma politiet får flest tips om, medan appar som VSCO, WhatsApp, Kik og Telegram ofte blir brukte til å flytte samtalar over i meir lukka eller krypterte kanalar.

Spelplattformer som Roblox, Fortnite og Minecraft kan vere positive for barn, men blir også brukte av overgriparar til å ta kontakt, byggje relasjonar og flytte samtalar vidare til andre appar.

Ekspertane tilrår foreldre å bruke foreldreinnstillingar, følgje aldersgrenser, teste appar sjølv, vere nysgjerrige og snakke med barna slik at dei tør å seie frå om ubehagelege opplevingar på nett.

– Alle plattformer der det er mogleg å kommunisere på, er også plattformer der barn og unge kan utsetjast for overgrep, seier etterforskingsleiar Fiona Strand i politiet i Nordland til NRK. (©NPK)

Powered by Labrador CMS