– Andre dose skal vurderast når det ligg føre meir kunnskap frå andre land som har komme lenger i vaksinasjonen av denne aldersgruppa, seier FHI-direktør Camilla Stoltenberg. Foto: Ali Zare/NTB/NPK.

Barn frå 12 til 15 år får tilbod om éin dose med koronavaksine

Barn og unge mellom 12 og 15 år skal tilbydast éin dose koronavaksine. Innkallinga kan starte så snart kommunane har kapasitet.

Folkehelseinstituttet har brukt sommaren på å vurdere om barn og unge skal tilbydast koronavaksine. Dei har tilrådd regjeringa å tilby årskulla i ungdomsskulen fødd mellom 2006 og 2008 éin vaksinedose i første omgang, og dessutan alle frå årskull 2009 så snart dei har fylt 12 år.

Regjeringa har bestemt seg for å følgje FHIs tilråding. Innkalling av årskull 2006–2008 kan starta så snart kommunane har kapasitet til dette. Kommunane må òg etablere system for å kunne innkalle barn fødd i 2009 til vaksinasjon når dei har fylt 12 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statsminister Erna Solberg (H) seier at dei faglege råda er at 12-15-åringane får fleire fordelar enn ulemper ved ein vaksinasjon.

– Det har vore avgjerande for regjeringa. No er det mykje smitte blant barn og unge, og vaksine vil bidra til at også denne gruppa får ein meir normal kvardag, seier ho.

Éin dose

– Når mange blir smitta, vil òg nokre fleire risikere å bli innlagde på sjukehus. Dette kan òg føre til at nokon får den sjeldne og alvorlege komplikasjonen MISC, som er ein betennelsestilstand som kan oppstå hos enkelte 2–6 veker etter koronainfeksjon. Derfor har vi tilrådd regjeringa at koronavaksinasjonsprogrammet blir utvida slik at 12-15-åringar får tilbod om vaksine, seier FHI-direktør Camilla Stoltenberg.

Vaksinasjonen vil i første omgang bestå av éin vaksinedose. FHI vil gjere nye vurderingar med oppdatert kunnskap om biverknader, sjukdomsutvikling og den samla situasjonen før det eventuelt blir gitt ei tilråding om dose to til denne aldersgruppa.

Folkehelseinstituttet tilrår at ein bruker vaksinen Comirnaty frå Biontech/Pfizer sidan det er større erfaring med bruk av dette produktet for så unge personar.

Det er nær 260.000 personar mellom 12 og 15 år i Noreg, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Det utgjer om lag 4,8 prosent av den norske befolkninga.

– Vi vurderer at tilbod om éin dose er det som gir den tydelegaste gevinsten for kvar enkelt ungdom når nytte blir vege opp mot moglege ulemper av vaksinen. Andre dose vil bli vurdert når det finst meir kunnskap frå andre land som har komme lenger i vaksinasjonen av denne aldersgruppa, seier Stoltenberg.

Mindre smitteavgrensande effekt med éin dose

Samtidig blir den største smitteavgrensande effekten av vaksinane først oppnådd når det er sett to vaksinedosar. Folkehelseinstituttet vurderer likevel at aldersgruppa i mindre grad enn vaksne og eldre ungdom har bidrege til smittespreiing, og at dei individuelle omsyna er viktigare enn samfunnsnytta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå før har barn og ungdom i alderen 12–15 år som har risiko for å bli alvorleg koronasjuke, fått tilbod om vaksine. Ifølgje Folkehelseinstituttet utgjer denne gruppa mellom 2.000 og 3.000 barn.

Ei rekkje andre land er allereie i gang med vaksinasjon av barn over 12 år mot koronavirus. Blant dei er Finland, Danmark, Kypros, New Zealand, Irland og USA.

Koronavaksinane er ikkje godkjende for bruk før fylte 12 år.

Det er foreldra som tek den endelege avgjerda om vaksinasjon av barna sine, sidan barn i alderen 12–15 år er ikkje helserettsleg myndige.

13-åringen Eirik Lyngstad i Oslo har allereie fått første dose med Pfizer-vaksine på grunn av svekt immunforsvar. No skal barn mellom 12 og 15 år få tilbod om vaksine. Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.