Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Bålforbodet startar i dag

Fredag 15. april trer det generelle bålforbodet i kraft.

Bålforbodet gjeld frå 15. april til 15. september, skriv Brannvernforeningen i ei pressemelding.

I perioden er det normalt å ikkje tenne bål, eingongsgrillar, bålpanner og open eld i skog og utmark utan tillating frå kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er likevel tillate å gjere opp eld der det openbert ikkje kan medføre brann, seier administrerande direktør Rolf Søtorp i Norsk brannvernforening.

– Men vi oppfordrar alle til å vere ekstra forsiktige særleg i område der det har vore lite nedbør. Om ein er usikker bør ein ta kontakt med lokalt brannvesen.

(©NPK)