Bak rattet med høg promille

Ein sunnfjording sette seg bak rattet med over 1,72 i promille.

Nesten to timar etter køyringa synte blodprøva 1,72 i promille, og resultatet av bilturen, som fann stad i Flora, var heller ikkje bra. Han køyrde over ei grøft før han kom ut på vegen. Der kolliderte han med ein annan bil utan å stogge.

Aggressiv
Eit vitne karakteriserte køyringa som «aggressiv» og mykje over fartsgrensa. Fornærma lukkast ikkje å nå att tiltalte.

Fjordane tingrett dømde den 21 år gamle mannen til fengsel i 25 dagar og tap av retten til å føre motorvogn i to år og fem månader då han må ta full ny førarprøve. Han må også ut med 8000 kroner i bot.

50.000 kroner i bot
Fjordane tingrett har også dømt ein 35 år gammal psykolog busett i Sunnfjord for promillekøyring. Blodprøva synte ein alkoholkonsentrasjon på 1,07 promille rett etter køyringa som fann stad gjennom Førde sentrum seint ein fredags kveld byrjinga av mai.
Retten dømde tiltalte til fengsel på vilkår i 18 dagar med ei prøvetid på to år og ei bot på 50.000 kroner. Vedkomande mister også førarretten i 21 månader og må opp til full ny førarprøve.