Avsluttar forhandlingane

Eit samrøystes formannskap har vedteke å avslutte forhandlingane med Sandane Handelseigedom AS om kjøp av lokala kommunen leiger til mellom anna legesenter.

Gloppen kommune betaler 3,6 millionar kroner til Sandane Handelseigedom i årleg leige for totalt 2.210 kvadratmeter. Leigeavtalen varer fram til 2027 utan høve til å seie han opp, men kommunen har opsjon på kjøpe dei leigde lokala. Opsjonen går ut i desse dagar.

Saman med kommunen sin advokat Stig J. Harris, har rådmann Jan Kåre Fure har vore i innleiande forhandlingsmøte med representantar frå Sandane Handelseigedom. Dei ønskjer ikkje å kome med eit konkret tilbod til kommunen, men har antyda ein pris på kring 60 millionar kroner.

Dette er etter rådmannen si oppfatning langt over den bygningsmessige verdien og meir enn kva det vil koste å byggje eit nytt og kvalitetsmessig betre helsesenter enn ein har i dag.

Formannskapet sa seg samd i rådmannen sine vurderingar om at ein ikkje kjem til å kome til semje med Sandane Handelseigedom AS om eit kjøp av lokala, og vedtok difor å avslutte forhandlingane.