Randi Honningsvåg i Sandane Omtrekking var aldri i tvil om at ho skulle vere med i Avinor sin kampanje «Made in Norway».

Avinor vil løfte fram det lokale

– Eg måtte tenke litt på kva eg skulle legge ut, men i løpet av gode femten minutt var det gjort. Randi Honningsvåg i Sandane Omtrekking var ein av dei første som la ut verksemda si i «Made in Norway», Avinor sin kampanje for å marknadsføre seg og nærområda rundt flyplassane sine.

– Ein får aldri nok reklame, og dette må no vere heilt ypparleg for oss som ikkje har det store reklamebudsjettet, seier Randi Honningsvåg. Ho var aldri i tvil om at ho skulle legge inn verksemda si, men måtte bruke litt tid på å finne brukande bilete og tenke over kva ho skulle skrive.

– Men når eg gjekk inn på sida var enkelt å legge ut. Eg er ingen dataekspert, men dette klarte eg, fortel ho. Inne på kampanjen sine nettsider ligg ho med «#95 Sandane Omtrekking», med bilete frå butikken i Sandane senter og ein kort firmapresentasjon.

Så langt er det ein handfull verksemder frå Gloppen som har hengt seg på tiltaket.

Alle kan vere med
Det er Avinor, selskapet som eig og drifter dei fleste flyplassane i Noreg, som har sett i gong kampanjen. 2017 er året Avinor skal opne nye Bergen lufthamn og utvidinga av Oslo lufthamn, Gardermoen. Utvalde verksemder og tiltak av som melder seg inn vil verte profilerte på dei nye lufthamnene når dei opnar.

– Målet er å vise fram all den aktiviteten som skjer i områda rundt dei ulike flyplassane som Avinor driv, og samtidig ønskjer vi at folk vert litt meir kjende med kva Avinor er, fortel lufthamnsjef Jon Granheim på Anda. Han håper verksemder i Gloppen og Nordfjord bruker høvet til å marknadsføre seg.

– Her er det ope for alle, enten det er ein ide i startfasen eller ei velrenommert og tradisjonsrik verksemd, seier han. Det er stor breidde i dei nærare 200 tiltaka og verksemdene som alt har lagt seg inn, og Granheim håper tiltaket også kan vere med å inspirere og knytte kontaktar mellom folk med idear og verksemder landet rundt.

«Skal få skinne»
Næringssjef Knut Roger Nesdal i Gloppen kommune håper også tiltak og verksemder nytter høvet og syner seg fram gjennom kampanjen.

– Vi har oppmoda verksemder og tiltak i kommunen om å legge inn bilete og omtale, og slik syne fram for reisande og andre kva kommunen har å by på. Det er viktig å nytte slike høve, seier han. Avinor sjølve har store ambisjonar med prosjektet.

«Dette har stor verdi for den einskilde, fordi dei får høve til å vise fram seg og verksemda, og profilere for omverda det som vert produsert, tilbydd og levert. Vi lover å gjere det vi kan for å gje dei høve til å skinne, ikkje minst på våre eigne flyplassar landet rundt», skriv dei på nettstaden.

Dei som vil vere med må gjere det før januar er omme.