Både i Nordland og på Vestlandet kan det vere svært lett å løyse ut skred i helga. Illustrasjonsfoto frå Hola mellom Voss og Vik. Foto: Marit Hommedal/NTB/NPK.

Åtvarar turgåarar: Snøskredfare i Nordland og på Vestlandet i helga

Både i Nordland og på Vestlandet kan det vere svært lett å løyse ut skred i helga.

Derfor blir turgåarar no tilrådd å unngå terreng med fersk fokksnø, skriv Varsom.no.

– I Nordland bør du unngå terreng der det har lagt seg ferske fokksnøflak. Utsett terreng er typisk bak rygger og i søkingar som er i le for vinden. Ser du snøfokk eller at fokksnøen sprekk opp der du er på tur, så er det eit tydeleg fareteikn, seier vaktleiar Gustav Pless i snøskredvarslinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fokksnøen kan også føre til skred på Vestlandet.

– Det er litt usikkert kor mykje vind det blir, men viss det blæs opp, vil skredfaren raskt auke der det legg seg fokksnø. Start gjerne turen tidleg på dagen og vêr nede igjen før vinden aukar på fredag. På laurdag bør du unngå terreng med fersk fokksnø. Snøfokk og ferske flak som sprekk opp, er tydelege fareteikn, seier Pless.

Det er også fare for snøskred i Finnmark, Troms og Sør-Noreg. Skred som losnar i fjellet i Sør-Noreg, kan bli svært store. (©NPK)