Åtvarar mot svindelforsøk

Vest politidistrikt åtvarar mot svindelforsøk, denne gongen via info-nummeret til politiet, 02800.

Tidlegare har fleire andre politidistrikt åtvara mot oppringingar frå det som tilsynelatande er nødnummeret til politiet. Nokre av svindelforsøka har kome frå det som ser ut som 112, andre frå det som ser ut som 02800.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vest politidistrikt åtvarar mot å gi ut personopplysningar til dei som ringjer.

– Nok ei melding om oppringing frå 02800 der ein påstått politimann med austlandsdialekt ber om å få detaljerte og private bankopplysningar fordi bankkortet skal vere misbrukt, skriv politiet.

– Når publikum ber om å få ringje tilbake, blir svindelen openberr. Ikkje gje frå deg bank-ID, melder politiet.

(©NPK)