Åtvarar mot høg sjø i helga
Det er venta bølgjer på opptil 6 meter, kanskje endå høgare på søndag. Vestlandet sør for Stad og Sørlandet blir ramma.
– Det er spektakulært å sjå på store og høge bølgjer, men det kan vera ganske farleg å opphalda seg i strandsona, seier meteorolog Sigrid Marie Vildskog Auganæs i Meteorologisk institutt.
Det er venta bølgjer på 5–6 meter langs kysten sør for Stad i helga. På søndag, når eit kraftig lågtrykk trekkjer inn, er det potensial for endå høgare bølgjer. Sørlandet må også bu seg på høge bølgjer ytst på kysten.
Vêret vil prega laurdag kveld og søndag. Det trekkjer inn med eit lågtrykk som kjem frå Skottland.
– Dette lågtrykket flyttar ein del på seg, og det er ikkje heilt sikkert kvar det plasserer seg. Men det blir ein vindfull og våt søndag og kanskje måndag, seier ho.
På fredag, før vêret treffer Sør-Noreg, er det veldig bra. Då blir det sol på Austlandet og Vestlandet. Sørlandet får også nokre soltimar. Laurdag glir det over til nedbør, både i aust og vest.
Best i nord
Nord-Noreg kan denne gongen gle seg til ei fin helg.
– Det blir sol, kanskje ikkje knallsol heile tida, men lange periodar med sol. Temperaturane er haustlege, men det vil vera fint, seier Auganæs i Meteorologisk institutt.
– Det er hyggeleg med fint vêr her og ein liten pause i vêret. No kan heller dei i sør ta støyten ei stund, legg ho til.
Dei som bur heilt sør i Nordland, kan kanskje få nokre dropar, men elles blir det tørt og lite vind. Temperaturen vil truleg leggja seg på litt under 10 grader.
Midt-Noreg slepp unna dei store nedbørsmengdene søndag, men her blir det ein del vind. Temperaturane vil liggja på 11–12 grader.
Det blir vindfullt her òg, som i resten av Sør-Noreg.
– Søndag ville eg droppa paraply og heller satsa på regnjakke. Dette er ikkje dagen å velja for å gjera det store arbeidet utandørs.
Hauststormar
Landet har så vidt byrja å kjenna på hauststormane.
Vêret kjem inn frå Atlanterhavet. Dei byrjar å melda seg no, og kvar dei legg seg, er enno uklart. Så langt har vi den som er venta søndag.
– Men det er fleire som kjem neste veke. Dei kan ta ein tur innom Noreg, seier ho.
Førebels ligg det an til at det er Island som får mest. Men det er små marginar som gjer om dei kjem til Noreg.
– Det forandrar seg fort, og det kan vera lurt å sjekka på Yr, seier meteorologen. (©NPK)