Åtte smitta – 130 i karantene

Det er påvist åtte personar som er smitta av covid-19 i samband med utbrotet i Stad kommune i helga.

– Sidan fredag 7. mars har Stad kommune drive smittesporing i samband med påvist smitte med covid-19. Gjennom dette arbeidet er det til no påvist til saman åtte personar med covid-19-smitte i kommunen. Seks av dei smitta er i same husstand. I tillegg er eit smittetilfelle i Stryn kopla til utbrotet, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i ei pressemelding.

Det er gjort eit omfattande arbeid med kartlegging av nærkontaktar til personar med påvist smitte. Alle nærkontaktar vert sette i karantene og testa. Alle dei smitta er sette i heimeisolasjon. Det er framleis uklart kva som er opphavet til smitten og smittevegen er dermed ukjend. Det vert gjort analysar for å kartlegge om det kan dreie seg om ein mutert virusvariant, og svaret vil kome ein av dei neste dagane. Kommunen sine tiltak i saka tek høgde for at det kan dreie seg om ein mutert og svært smittsam virusvariant, og ein har i første fase vore liberal med bruken av karantene og testing.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Blant dei smitta er elevar i to av klassane ved Nordfjordeid skule og eit barn i Golvsengane barnehage. Desse tre borna er frå same husstand. Alle borna i dei to skuleklassane og den aktuelle barnehageavdelinga er definerte som nærkontaktar og vert sette i karantene. Kommunen kontaktar i kveld føresette til dei barna dette gjeld. Barna vil verte testa måndag og svar på denne testen vil ligge føre tysdag kveld. Alle som er i same husstand til borna, er også bedne om å vere i karantene til negativt testresultat for barnet ligg føre. Same prinsipp om «ventekarantene» er også nytta omkring andre nærkontaktar i samband med utbrotet så langt, seier Vingen Vedeld søndag kveld.

Alle elevar ved vaksenopplæringa ved LA-bygget på Nordfjordeid er sette i karantene på grunn av ein smitta i elevgruppa der. Alle desse er testa søndag. Også her er husstandsmedlemer sette i «ventekarantene» til ein får negativt svar på test av den enkelte nærkontakten.

– Situasjonen med mogeleg mutert virustype og inntil vidare ukjent smitteveg, gjer at kommunen ber alle innbyggjarar ta ekstra omsyn i tida som kjem. Det er viktig at alle følgjer dei grunnleggande smitteverntiltaka med å halde avstand til andre, ha god handhygiene og teste seg og halde seg heime om dei vert sjuke. Barnehagar, skular, arbeidsliv og fritidstilbod kan med desse omsyna elles halde fram i normal aktivitet. Utover dette ber ein folk om å unngå situasjonar der mange samlast. Avhengig av testresultat og vidare kartlegging dei komande dagane, vil kommunen vurdere behovet for ytterlegare smitteverntiltak i kommunen. Desse vurderingane vil verte gjort i samråd med Folkehelseinstituttet, heiter det i pressemeldinga.

Kommunen har så langt testa omkring 65 personar sidan fredag, og omfattande testing held fram måndag. Søndag kveld er til saman omkring 130 personar i karantene. I tillegg kjem eit større tal husstandsmedlemer som er i «ventekarantene» dei næraste dagane.