Åtte nye smittetilfelle i Stad

288 personar vart testa for covid-19 i Stad kommune fredag, og åtte av desse fekk påvist smitte.

Dermed har til saman 31 personar fått påvist covid-19-smitte i Stad kommune under dette utbrotet, og omkring 60 personar er no i karantene, melder kommuneoverlege i Stad kommune, Thomas Vingen Vedeld og ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding laurdags kveld.

1.- og 2.-test

Testinga fredag var i hovudsak andre test for born, elevar og tilsette i barnehageavdelinga og skuleklassane som vart sett i karantene tidleg i veka, og andre test av personar som elles har vore i karantene i sju dagar eller meir. Det er også teke første test av elevar og tilsette i klassa ved Eid ungdomsskule som vart sett i karantene torsdag kveld, og prøve av personar som vert testa på grunn av symptom på sjukdom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit stort tal barn, elevar og tilsette vart testa for andre gong i karanteneperioden fredag. Dette gjeld born og tilsette i ei avdeling i Golvsengane barnehage, elevar og tilsette i klasse 1B, 4B og 6A ved Nordfjordeid skule og elevar og tilsette i klasse 9B ved Eid ungdomsskule.

Ut av karantene

Svar på prøvene viser at det ikkje er påvist smitte i desse klassene og avdelinga ved andre gongs test. Alle born, elevar og tilsette i desse klassene og avdelinga som har fått stadfesta negativt svar på denne testen, kan no gå ut av karantene.

Elevar og tilsette ved vaksenopplæringa i LA-bygget på Nordfjordeid vart også testa for andre gong fredag. Det er heller ikkje påvist nye tilfelle av smitte innanfor dette skulemiljøet.

Forlenga

Elevar og tilsette i klasse 10A vart torsdag kveld sett i karantene fordi ein elev i klassen då hadde fått påvist smitte. Denne eleven hadde ikkje blitt smitta på skulen, men kan ha vore smittsam i klassemiljøet måndag.

Elevar og tilsette vart testa for første gang i karanteneperioden fredag. Svar på prøvene viser at éin av dei andre elevane i klasse 10A har fått påvist smitte. Denne eleven kan ha vore smittsam i klassemiljøet onsdag og torsdag. Karanteneperioden for elevar og tilsette i klasse 10A vert difor forlenga til og med sundag 21. mars. Alle vil verte testa på nytt i siste del av karanteneperioden.

Same husstand

Fire av smittetilfella etter fredagens testing er innanfor same husstand. Alle tilfella har kjent kopling til tidlegare smitta. Dette har ført til eit mindre tal nye nærkontaktar, og dei fleste av desse er innanfor husstandane til dei smitta. Nærkontaktane er sett i karantene og vert testa sundag.

Eit stort tal personar vart elles testa fredag på grunn av symptom på sjukdom. Ingen av desse har fått påvist smitte.

Forlengjer tiltak

– Til trass for åtte nye smitta er situasjonen framleis at alle smittetilfella under utbrotet kan koplast til kvarandre, og i samråd med FHI er vurderinga at ein har kome langt i å kunne kontrollere utbrotet. Ein held fram med same tiltak som har vore nytta hittil, står det skrive i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anbefalingane frå Stad kommune 9. mars er framleis gjeldande:

•Ber alle om å vere nøye med å halde god avstand til andre i kvardagen, ha god handhygiene og ha svært lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom.

•Ber alle ha så få, nære kontaktar som mogleg i kvardagen og å unngå og samlast i grupper utanom eigen husstand eller kohort i barnehage/skule.

•Oppmodar lag og organisasjonar i Stad om å utsetje/avlyse arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper.

Desse råda gjeld til smittesituasjonen er meir avklara.