1. januar 2018 overtok Linda van Hulst stafettpinnen etter Atle Nygård. Som ei mellombels løysing, overtek han ansvaret igjen.

Atle overtek etter Linda

Marknadsasnvarleg i Firda Tidend, Linda van Hulst, sluttar i jobben 1. januar 2022. Atle Nygård overtek ansvaret på marknadssida til ein ny person er på plass.

Saman med familien kom Linda van Hulst til Gloppen gjennom prosjektet «Tilflytting til Nordfjord» i 2014.

Åtte år i Gloppen

– Gloppen var den andre kommunen vi besøkte, og her satsa vi på å busetje oss. Før vi kjøpte hus på Bø i Breim, budde vi to år i Myklebustdalen. I alt har vi hatt åtte fine år i Gloppen, men det har samtidig kjendest tungt å vere så langt vekke frå familien under koronapandemien, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjukdom i nær familie gjer at dei no tek steget og flyttar tilbake til Nederland.

– Vi blir buande ganske nær hamna Eemshaven. Frå denne staden skal det etablerast ei båtrute til Kristiansand tre dagar i veka. Det er fint å tenkje på, smiler ho.

Atle steppar inn

Då Atle Nygård vart pensjonist for fire år sidan, overtok Linda van Hulst jobben hans. Når ho no sluttar, steppar han inn som vikar inntil ny marknadsansvarleg er på plass.

– Eg har trivast saman med både kollegaer og kundar, og det blir litt rart å slutte. Etter åtte år i Noreg, blir det også spennande å kome tilbake til Nederland. Samfunnet der har endra seg, og det har vi òg. Vi stenger ikkje dørene for Noreg sjølv om vi no reiser tilbake, seier Linda.