Atle Isaksen ved hovudkontoret på Trolleskjæret, Florø. Foto: Linja.

Atle blir ny nettdirektør i Linja

Florøværingen Atle Isaksen skal leie Linja, nettselskapet i SFE-konsernet.

Han er i dag tilsett som leiar for nettforvaltning og utvikling i BKK Nett, der han har vore sidan 2020.

Lang erfaring

Han har god kjennskap til både bransjen og nettverksemda i SFE. Isaksen har 17 år bak seg i tidlegare SFE Nett, der han har han vore innom ulike roller, frå prosjektingeniør, avdelingsleiar, divisjonssjef til konstituert nettdirektør.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har hatt ein spennande og lærerik tid i BKK Nett, og har både fagleg og personleg utvikling med i sekken når eg no kjem tilbake til Linja, seier Atle Isaksen.

– Vi er svært glade for å få Atle tilbake. Han har ein solid kompetanse og har no opparbeidd seg ny erfaring frå tida i BKK. Han vil vere rett person å ha bak rattet i den vidare utviklinga av Linja, som no er i ein viktig fase med fusjonsdrøftingar med Mørenett, seier konsernsjef Johannes Rauboti.

Tilretteleggjar

Avtroppande nettdirektør er einig.

– Eg kjenner Atle som ein verdifokusert person som bryr seg om at menneska rundt seg skal trivast og utvikle seg. Det er ein god eigenskap, og eg er trygg på at Atle er rett person til å overta stafettpinnen. Samtidig har han solid kompetanse og eit brennande engasjement for utviklinga av framtidas straumnett. Linja skal vere tilretteleggjaren for den storstilte elektrifiseringa både for kundane våre og lokalsamfunn, seier Asgeir Aase.

Fusjonsdrøftingar

Linja og Mørenett er i sluttfasen av fusjonsdrøftingar, og planen er styrehandsaming til hausten. Saman med noverande nettdirektør i Mørenett, Rune Kiperberg, skal Atle Isaksen arbeide for å realisere det som vert eit nytt og stort nettselskap på Nordvestlandet.

– Eg ser fram til å jobbe saman med Rune. Det nye nettselskapet vil bli dobbelt så stort som Linja er i dag, og det er mykje som skal på plass. Eg gler meg til å treffe både tidlegare kollegaer og å bli kjend med nye. Eg gler meg til å bli ein del av Linja, seier Isaksen.

Atle Isaksen har utdanning som sivilingeniør i elkraftteknikk frå NTNU.