Ofte er det høgast straumprisar når det er kaldt ute, men i år er årets hittil høgaste pris midt på sommaren. Foto: Paul Kleiven/NTB/NPK.

Årets høgaste straumpris i Sør-Noreg

Straumprisane i Sør-Noreg er langt høgare enn dei pleier å vere på denne årstida. Måndag sette prisane førebels årsrekord.

Det viser tal frå straumbørsen Nord Pool, skriv E24.

Straumprisane har vore uvanleg høge i år, mellom anna på grunn av lite nedbør og vind. Dermed er det lite vatn i magasina. I tillegg er det høge straumprisar i resten av Europa, som Noreg eksporterer straum til. Det kjem av skyhøge produksjonskostnader på kol- og gasskraftverk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed kostar straumen i Sør-Noreg i snitt 1,06 kroner per kilowattime måndag.

(©NPK)