Thomas Falch Eide har flytta heim med familien og starta verksemda Hjelpemiddelpartner AS.

Arbeider for at folk skal få leve eit aktivt og sjølvstendig liv

– Vi arbeider for at folk skal få leve aktive og sjølvstendige liv sjølv om dei har nedsett funksjonsevne enten av alder, skadar eller medfødde vanskar, seier Thomas Falch Eide.

Han er utdanna ergoterapeut i tillegg til å ha ein bachelorgrad i salsleiing. I elleve år var han tilsett i to av Europas største hjelpemiddelkonsern og budde i Bergen før han og familien flytta, og han tok jobben med heim til Sandane.

Eiga verksemd

I eitt år arbeidde han i verksemda InTempo AS før han starta si eiga verksemd, Hjelpemiddelpartner AS.

– No driv vi intensiv marknadsføring, seier gründeren og er svært tilfreds med starten.

– Vi er komne inn på dei beste utstillingsvindauga for helse-Noreg. Det er Omsorgsteknologi-laboratoriet i Bergen der høgskulen har samla det nyaste innan teknologi på marknaden, fortel han.
I tillegg er det Innovatoriet i Vestfold. Begge er offentlege kompetansesenter som kursar helsepersonell i Noreg, opplyser Thomas og meiner han knapt kunne fått ein betre start. Frå sin tidlegare jobb har han også eit svært stort nettverk å spele på i bransjen.

Ikkje nok hender

– Vi har fått veldig god respons på dei produkta vi har lansert, og det vi skal vere med å utvikle, seier han.

Velferdsteknologi kan delast inn i hjelpemiddel som gjer kvardagen tryggare, og teknologi som er knytt til meistring og velvære.

– Vi fokuserer mest på dei siste. Vi ønskjer å bidrage til at flest mogeleg kan leve aktive og sjølvstendige liv lengst mogeleg. Dette er eit området det er sterk fokus på, for det er ikkje nok hender til å ta seg av alle utfordringane i helsevesenet. Derfor må vi ta i bruk ny teknologi, seier Thomas Falch Eide. Han opplever at potensielle kundar alt no tek kontakt for å sjå kva Hjelpemiddelpartner tilbyr.

Unike produkt

– Vi importerer unike produkt frå utlandet med spesiell fokus på handmotorikk og nedsett muskelkraft, fortel Thomas og demonstrerer utstyr for å opne t.d. syltetøyglas.

Hjelpemiddelpartner sel også ein spesiell stol med oppreisingsfunksjon for personar som slit med å reise seg frå stolen. Ein liten hendel utløyser ein funksjon som vippar stolen opp og fram.
Thomas viser også robothanskar, ei spesiell, samanleggbar, krykkje med lys og dempingsfunksjon. Ikkje minst marknadsfører Hjelpemiddelpartner ein kroppstørkar som bles varmluft og tørkar folk etter ein dusj. Eit kjærkome hjelpemiddel, meiner Thomas, for mange vegrar seg for å be om assistanse til noko så privat.

Les meir om Thomas og Hjelpemiddelpartner i papirutgåva fredag.