Høgre-leiar Erna Solberg kan notere at partiet er det klart største i landet i ei ny meiningsmåling som Norstat har gjennomført for NRK og Aftenposten. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.

Ap under 20 prosents oppslutning på ny måling

Arbeidarpartiet fell under 20 prosent på NRK og Aftenpostens partibarometer for august. Høgre er det klart største partiet i landet med 30 prosents oppslutning.

Det er Norstat som har utført målinga for NRK og Aftenposten. Der fell Arbeidarpartiet tilbake 2,4 prosentpoeng frå førre måling i slutten av mai og endar på 19,4 prosents oppslutning blant dei spurde.

I alt 960 personar er intervjua i undersøkinga, som har ein feilmargin frå 1,4 til 3,6 prosentpoeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

VGs måling tysdag vart Arbeidarpartiet målt til 19,9 prosent, som er det lågaste Respons Analyse har målt sidan dei byrja å lage partibarometer i 2006.

Solberg: – Inspirerande

Høgre på den andre sida, går fram heile 3,3 prosentpoeng i målinga. Erna Solbergs parti landar med det på 30 prosents tilslutning frå veljarane. Ein må heilt tilbake til januar 2014 for å finne ei betre Norstat-måling for Høgre.

– Gode meiningsmålingar er inspirerande for alle i partiet, spesielt for dei som skal jobbe mot kommunevalet neste år. Dei vil nok ta imot målinga med stor entusiasme, seier Høgre-leiar Erna Solberg til NRK.

Regjeringspartnar Senterpartiet fell også på Norstats måling, men ikkje like mykje som Ap. Sp held fram tilbakegangen etter valet. På førre Norstat-måling gjekk dei tilbake 0,3 prosentpoeng til 6,3 prosent. No går dei tilbake 0,4 prosentpoeng til og landar på 5,9 prosents oppslutning.

Også SV går tilbake, med 0,8 prosentpoeng, og får ei oppslutning på 8,9 prosent blant dei spurde.

Frp-framgang

Raudt styrkjer seg likevel og går 0,4 prosentpoeng fram. Totalt får partiet 5,8 prosent av tilslutninga til veljarane.

Framstegspartiet kan notere ein framgang på 1,4 prosentpoeng frå førre måling, og får 14,4 prosents oppslutning.

Blant partia i sentrum går KrF opp med 0,6 prosentpoeng, og hamnar med 3,8 prosent like under sperregrensa. Miljøpartiet Dei Grøne går fram med 0,1 prosentpoeng og endar på 3,7 prosents oppslutning. Venstre fell tilbake med 0,8 prosentpoeng til 4,6 prosents oppslutning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samla gjer dei borgarlege partia si beste måling etter valet i fjor. Høgre, Frp, KrF og Venstre får til saman 52,9 prosent av stemmene og fleirtal med 91 av 169 stortingsmandat. (©NPK)