Staten vil ha ekstraordinære inntekter, utover normalår, frå vasskrafta på 70 milliardar kroner i 2022. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

Anslag: Staten håvar inn vel 70 milliardar ekstra på straum i år

Ekstrainntektene til staten som følgje av dei høge straumprisane er langt høgare enn tidlegare anslått, viser tal frå Energi Norge.

– Vi har gjort nye anslag. Dei viser at staten vil ha ekstraordinære inntekter, utover normalår, frå vasskrafta på 70 milliardar kroner i 2022, fortel Energi Noregs administrerande direktør, Knut Kroepelien, til NRK.

Dei totalt 73 milliardane staten får i ekstra forteneste, fordeler seg på 56 milliardar kroner i skatt, 3 milliardar i meirverdiavgift og 14 milliardar i utbytte til eigar.

– 70 milliardar viser at vi her dekkjer inn straumstøtte-ordninga til hushald og bedriftsordninga. I tillegg gir vi moglegheit for fellesskapet til å finansiere andre velferdsgode. Så dette er gode nyheiter for Noreg, seier Kroepelien.

Regjeringa anslår at staten i år vil bruke 41 milliardar kroner på straumstøtte til hushalda. Støtteordninga for næringslivet har ei ramme på 3 milliardar kroner i år. (©NPK)