Anders Felde (t.v.) og Peder Nærnes er høvesvis leiar og nestleiar i nyskipa Vestland Bondelag.

Anders og Peder skal leie Vestland Bondelag

På skipingsmøtet til Vestland Bondelag den 12. november vart breimningen Anders Felde vald til leiar. Som nestleiar vart Peder Nernæs frå Kvam kommune i Hardanger valt.

– Eg gleder meg til å jobbe for å betre vestlandsbonden sine rammevilkår, seier nyvald fylkesleiar Anders Felde i ei pressemelding.

– Eg har med meg ein dyktig nestleiar og eit engasjert og dyktig fylkesstyre, så eg tek til på arbeidet med stor motivasjon. Saman skal vi gjere ein god jobb på vegner av vestlandsbonden. Skal vi klare det, vil dialogen med lokallaga og medlemene vere avgjerande, så nøl ikkje med å ta kontakt, seier den første fylkesleiaren i Vestland Bondelag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Øvrige styremedlemer i Vestland Bondelag er:

Gry Ingvild Agjeld, Olden Bondelag

Ole Bjarne Hovland, Årdal Bondelag

Knut Byrkjenes Hauso, Ullensvang Hagebrukslag

Kari Sigrun Lysne, Lærdal Bondelag

Lars Bø, Voss Bondelag

Linda Kristin Oppedal, Viksdalen Bondelag

Marianne Nordhus, Halsnøy Bondelag

Artikkelen held fram under annonsen.

Varamedlemer

1. Olav Myhr, Eikanger Bondelag

2. Nils Magne Gjengedal, Hyen Bondelag

3. Kjersti Hjelmeland, Omvikdalen Bondelag