Tore Storehaug. Arkivfoto.

Alle vil ha Storehaug på topp

Lokallaga i Sogn og Fjordane stiller seg samla bak Tore Storehaug som KrF sin toppkandidat til stortingsvalet i 2021. Dette blei resultatet etter første høyringsrunde, skriv partiet i ei pressemelding.

Det var ein svært glad Storehaug som før helga fekk resultatet av høyringsrunden.

– Eg har jobba hardt kvar dag sidan eg blei valt inn på Stortinget i 2017 for verdiane er trur på, KrF sin politikk og Sogn og Fjordane. Då er det ekstra kjekt å oppleve at lokallaga i heile Sogn og Fjordane vil at eg skal halde fram dette arbeidet, seier han i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje overraska

Leiar av nominasjonskomiteen, Frode Kleppe Holgersen, er slett ikkje er overraska over at alle vil ha Storehaug på topp.

– Tore har vore ei tydeleg distriktsstemme på Stortinget, og han har imponert i kampen for distriktslandbruket, familiane, breibandutbygging og utjamning av nettleige. Innspela frå lokallaga er eit tydeleg signal om at Sogn og Fjordane treng den stemma på Stortinget og i neste valperiode.

Trude med vidare

Trude Brosvik, KrF sin fylkestopp og 1. vara til Stortinget, takka og ja til å bli med vidare i nominasjonsprosessen.

– Eg stiller meg til disposisjon, ønskjer Tore på topp, og heiar på lokallaga som igjen klarer å løfte fram nye, unge kandidatar, seier Brosvik og held fram:

– For meg er det ikkje det viktigaste kva plass eg endar på, men at vi har ei brei liste som representerer heile det mangfaldige Sogn og Fjordane.

Luksusproblem

Nominasjonskomiteen fekk i første høyringsrunde innspel på nesten 40 kandidatar som lokallaga og enkeltmedlemer meiner skal stå høgt på KrF-lista.

Sjølv om alle vil ha Tore Storehaug på topp, kan det bli spanande korleis resten av KrF-lista blir sjåande ut. Nesten alle kandidatane som er spelte inn har sagt ja til å vere med vidare i nominasjonsprosessen.

– Vi har eit luksusproblem, og det gjer at vi jublar i nominasjonskomiteen i dag, seier Frode Kleppe Holgersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingenting avgjort

Denne veka startar andre runde av nominasjonsprosessen, der lokallaga skal kome med framlegg til korleis den endelege KrF-lista skal sjå ut.

– Ingenting er avgjort før alt er avgjort, og det er nominasjonsmøtet som skal vedta stortingslista i november. Men slik stemninga i partiet er no tyder mykje på at eit samla Sogn og Fjordane klappar Tore inn som listetopp, innrømmer Holgersen.