Alle elevar i vidaregåande får utstyrsstipend
Frå no av vil unge som både er elevar og lærling samstundes få utstyrsstipend. Det vil gjere at om lag 3000 fleire får tilskot.
– Alle elevar skal ha lik tilgang på vidaregåande opplæring, uavhengig av økonomi, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
Det var på Elevtinget i mars at kunnskapsministeren blei gjort merksam på utfordringa av ein elev og lærling i fiskeoppdrett. Han spurde statsråden kvifor han ikkje får utstyrsstipend til skule-pc.
Fram til no har ikkje ungdom fått utstyrsstipend dersom dei både er elevar og lærlingar i bedrift samstundes. Dette gjeld for dei som vil ta heile yrkesfagløpet knytt til ei bedrift.
No har kunnskapsministeren og forskings- og høgare utdanningsministeren sett på saka, og funne ei løysning saman med Lånekassen.
– Vidaregåande opplæring skal vere gratis. Lånekassen skal gi utstyrsstipend til utstyr og pc som elevane treng for å gjennomføre vidaregåande opplæring. Det gjeld òg når elevane kombinerer skule og læretid i bedrift og har teikna lærekontrakt, seier kunnskapsministeren.
(©NPK)