Det kokte på Malakoff under konserten med Åge Aleksandersen.

Åge leverer alltid

Konserten med Åge Aleksandersen og Sambandet vart ei magisk oppleving for det enorme publikumet som hadde samla seg framfor Malakoffscena då "Levva livet" dundra utover festivalområdet fredag kveld.

Åge for alle

- De er fantastiske, Malakoff er fantastisk og det er flott at de kan få til noko slikt her. Tenk kor kjedeleg det hadde blitt om alle festivalar vart sentraliserte til Oslo, sa rockelegenda til eit mildt sagt engasjert publikum. Det blir klisjéaktig å seie at det kokte, men det skal godt gjerast at så mange nokon gong har vore samla framfor ei konsertscene her i fylket, som det vi var vitne til på Malakoff fredag kveld. Og med det nydelege vêret i tillegg, så kunne alle, frå dei ganske små til folk godt opp i pensjonsalderen, kose seg med musikken og den heilt spesielle stemninga  det blir når så mange er samla og musikken passar alle.