Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn har ifølgje Aftenposten ha betalt for lite i skatt på grunn av pendlarbustaden han har fått tildelt. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Aftenposten: Sveinung Rotevatn og Tore Storehaug har betalt minst 400.000 for lite i skatt

Venstres Sveinung Rotevatn og KrFs Tore Storehaug har til saman betalt minst 400.000 kroner for lite i skatt på stortingsleilegheitene, skriv Aftenposten.

Både Rotevatn og Storhaug har ifølgje Aftenposten fått pendlarbustad frå Stortinget fordi dei har vore folkeregistrerte hos foreldra sine ein annan stad i landet. Ingen av dei har betalt husleige eller andre utgifter til foreldra.

Skatteetaten har tidlegare sagt at politikarar som bur gratis heime, skal betale skatt av fordelen av fri bustad.

Kan ha betalt 210.000 kroner for lite

Ifølgje utrekningar Aftenposten har gjort, har Sveinung Rotevatn, som er klima- og miljøminister og nestleiar i Venstre, betalt 210.000 kroner for lite i skatt.

Rotevatn seier til avisa at han i lys av det Skatteetaten har uttalt til avisa, har teke kontakt med Stortingsadministrasjonen for å «få klarhet i reglene og hvordan dette eventuelt påvirker min situasjon tilbake i tid».

Tore Storehaug, som er KrFs finanspolitiske talsperson på Stortinget, skulle ifølgje avisa ha betalt mellom 190.000 og 230.000 kroner meir i skatt.

Storehaug skriv i ein e-post til avisa at han heldt seg til informasjonen han fekk frå Stortingsadministrasjonen, og at han derfor ikkje har skatta av fordelen med å bu i gratis stortingsleilegheit.

Ropstad gjekk av etter avsløring

Aftenposten har dei siste vekene hatt ei rekkje avsløringar om politikarar som har betalt for lite i skatt på pendlar- og statsrådsbustader.

Sist laurdag gjekk Kjell Ingolf Ropstad av som KrF-leiar og statsråd etter at han innrømde å ha teke grep for å sleppe skatt på statsrådsbustaden som han har hatt frå 2019.

Tore Storehaug skal også ha betalt for lite i skatt. Foto: Vidar Ruud/NTB/NPK.