7,2 millionar til større satsingar i kulturlivet i fylket

Tidlegare har blant anna eit ungdomsprosjekt i Kvam, eit produksjonssamarbeid i Fjaler og Vestnorsk Jazzensemble fått støtte. No er det tid for ny tildelingsrunde, og søknadsfristen er 20. august.

Kulturelt utviklingsprogram – KUP – er eit viktig verkemiddel for fylkeskommunen på kunst- og kulturfeltet.

I prosjektet «Korleis vil me leva saman?» har kunstnar Katrine Meisfjord invitert inn ungdomar og andre for å skape ein ny sosial arena for ungdomar. Ei av oppgåvene har vore å lage idear til «hengeplassen» i skumgummi. Deltakarane fekk ei øskje full av material og skumgummi, som dei kunne skjere tomta ut av. Foto frå prosjektet.

– KUP er unikt. Gjennom programmet støttar vi prosjekt og satsingar som er initierte av kulturlivet sjølv. Det er målretta og nyskapande prosjekt, som bidreg til å utvikle heile Vestland som ein sterk og viktig region for kunst og kultur, seier Ronny Skaar, seksjonssjef for kunst- og kulturutvikling i Vestland fylkeskommune, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkesutvalet vedtok i juni gjennom planprogrammet for regional plan for kultur, idrett og friluftsliv at Vestland skal vere ein leiande region på området.

Kunsten si rolle i samfunnet

Eitt av prosjekta som har fått støtte frå KUP tidlegare er «Korleis vil me leva saman?». Kunstnar Katrine Meisfjord vil utvikle ein ny arena for sosialt samspel for ungdomar ved Ungdomsbasen i Norheimsund. Ho samarbeider med både utekontakten i Kvam, Grannehjelpa og Kvam ungdomsskule.

Kunsten si rolle i prosjektet er å få fram initiativ, idear, lyst og behov – for så å realisere dei i fysiske og sosiale konstruksjonar.

– Dette er eit spennande prosjekt, som utforskar nye samarbeid og samspelsformer. Det er interessant korleis kunsten kan spele ei rolle på ulike arenaer, som her i eit prosjekt som handlar om ungdom, sosialt samspel og møtestadar. Det er i slike prosjekt vi ser kva rolle kunsten kan spele for å løyse utfordringar i samfunnet som heilskap, seier Skaar.

Nettverk og nyskaping

Eit anna prosjekt som har fått støtte gjennom KUP er «Produksjonssamarbeid i Fjaler», i regi av PreForm AS. Her har Teaterfestivalen i Fjaler, Jakob Sande-selskapet og PreForm gått saman om eit forprosjekt for å sjå etter synergiar, utnytte nettverk og skape prosjekt på tvers av organisasjonane. Målet er å bli ei aktiv klynge for kunstproduksjon.

Eit tredje døme på kva Vestland fylkeskommune tidlegare har støtta gjennom KUP er prosjektet Vestnorsk Jazzensemble. Det skal vere eit samlande tiltak for musikarar i heile fylket. Målet er å vere ein samlingspunkt for musikarar og aktørar frå ulike felt, å binde saman miljø og utøvarar og å bidra til kunstnarisk nyskaping og utvikling.