Illustrasjonsfoto frå Sandane-dagane.

6.100 glopparar?

I dag offentleggjorde Statistisk Sentralbyrå (SBB) nye framskrivne folketal.

I hovudalternativet er det stipulert at Gloppen i 2040 vil ha 6.100 innbyggjarar.

Ved låg nasjonal vekst vil kommunen ha 5.600 innbyggjarar, medan det ved høg nasjonal vekst kan vere 6.800 glopparar i 2040.

Per 1. januar 2016 var det registrerte folketalet i Gloppen 5.784.

Dei framskrivne tala viser at Jølster ligg an til å ha 3.200 innbyggjarar i 2040. Ved låg og høg nasjonal vekst er tala høvesvis 2.900 og 3.500.