Illustrasjonsfoto frå Sandane-dagane.

57 nye glopparar i 2014

Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at det var 5.751 glopparar og 3.026 jølstringar per 1. januar 2015. Dei to kommunane har hatt motsett utvikling det siste året.

Gloppen sleit i mange år med stagnasjon og ein liten folketalsnedgang, men fjoråret gav ein auke på 57 innbyggjarar. I Jølster er trenden stikk motsett. Etter å ha vakse i fleire år, vart 2014 ein solid nedtur med ein reduksjon på 44.

– Veldig gledelege tal

Gloppen har eit fødselsoverskot på elleve, og netto innflytting på 46. Jølster har fødselsoverskot på fire og negativ netto tilflytting på 48. I siste kvartal vart det 13 fleire glopparar og to fleire jølstringar.

– Dette er veldig gledelege tal som sporar til vidare arbeid med tomter og bustader. Folketalet er viktig, alle nye er hjarteleg velkomne, seier Gloppen-ordførar Anders Ryssdal.

– Kva trur du er årsaka til den pene auken det siste året?

– Det har nok litt å gjere med eit næringsliv som går godt, vi har solide verksemder i vekst. Dessutan arbeider vi aktivt med busetjing av flyktningar.

Les heile saka i papirutgåva måndag.

Folketalet i Gloppen har fått eit oppsving det siste året. Illustrasjonsfoto frå Sandane-dagane.