54 i Helse Førde i karantene

54 tilsette i Helse Førde sit i karantene. Dei fleste av desse på grunn av kontakt rundt Førde klatresenter. Til samanlikning var 46 i karantene i tysdag føremiddag, opplyser helseføretaket torsdag morgon.

​Dette var situasjonen seint onsdag kveld i Helse Førde: Totalt 54 i karantene. Fire av desse er i isolasjon med påvist smitte. Av desse påviste er igjen tre praksisstudentar og ein tilsett i helseføretaket.

Totalt 54 er altså i karantene, 12 av desse personane er direkte knytte til påvist smitta personell i sjukehuset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre innlagde pasientar i Helse Førde er nett no i karantene.

Onsdag analyserte Helse Førde 441 prøver for kommunane i området sitt.

Fem av desse var positive, og alle desse fem prøvene var avlagde i Sunnfjord kommune. Merk at kommunar som ligg i Helse Førde sitt område godt kan ha sendt tilsvarande prøver til analyse ved laboratorium andre stader i landet.