Det gamle førarkortet som er større enn bankkortet, blir ugyldig frå 1. januar 2023. Arkivfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

50.000 må fornye førarkortet før nyttår

Dei store plastlaminerte førarkorta utskrivne før 1998 er ikkje gyldig frå 1. januar. Alle som må fornye førarkortet, har fått SMS om det.

– 50 000 har framleis ikkje fornya førarkortet. No hastar det for dei som vil behalde førarretten etter nyttår. Vi håpar flest mogleg kjem og fornyar førarkortet i november, og fleire trafikkstasjonar har ope på både kveld og helg. Ventar alle til desember, kan ein risikere å ikkje få fornya førarkortet før fristen, seier avdelingsdirektør Lill Tove Amundsen i ei pressemelding.

Viss ein ikkje fornyar førarkortet, mistar ein førarretten frå og med 1. januar 2023.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein får likevel førarretten tilbake når ein eventuelt fornyar førarkortet på eit seinare tidspunkt.

I Viken er det flest som må fornye førarkortet – heile 11.027 personar. (©NPK)