Sentralsjukehuset i Førde.

5.000 møtte ikkje til timen i fjor

I 2022 var det beramma over 5.000 konsultasjonar i Helse Førde der pasienten ikkje møtte. Samtidig stod rundt 7.500 personar i ventelistekø.

– Ved å møte til oppsett time er du med på å ivareta vår felles helseteneste, seier fagdirektør Asle Kjørlaug i Helse Førde i ei pressemelding.

​I Helse Vest sitt område er vi blant dei flinkaste til å møte til sjukehustimen. Likevel skaper dei meir enn 5.000 som ikkje møtte i fjor, problem i ein periode då Helse Førde er prega av lange ventelister og kapasitetsutfordringar innan nokre fagfelt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg håpar folk tenkjer på at spesialisthelsetenesta er eit felles gode, og at det er i alle si interesse å forvalte dette best mogeleg, seier Kjørlaug.

– Dette inkluderer også at ein ber om å få endra timetidspunktet berre når dette er nødvendig, til dømes dersom ein har fått forverra helsetilstand og treng raskare time på sjukehuset, held ho fram.

I 2022 fekk Helse Førde nær 30.000 pasientønska avbestillingar, noko som resulterte i mykje ekstraarbeid med replanlegging og utfordringar knytte til utsending av viktig pasientinformasjon.

– Når pasientane bidrar med sin del, skal vi i spesialisthelsetenesta jobbe endå meir med å tildele timar og yte nødvendig helsehjelp til dei som står i ventelistekø eller ventar på oppfølgingstime, seier fagdirektør.