Det blir 4H-haustfestar med flotte utstillingar også i koronaåret 2020.

4H skal ha haustfest i år òg

Til saman 67 klubbar og 1400 4H-arar står igjen klare for fest rundt om i fylket vårt. På festen skal dei feire seg sjølv, og vise fram 4H-arbeidet og alt dei har lært gjennom året, skriv 4H Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

– Vi er superstolte over klubbane våre. Dei har trass i koronaviruset klart å endre planane sine, finne nye måtar å drive 4H-aktivitet på og ikkje minst hatt kontakten med kvarandre. Koronasituasjonen er utfordrande for oss som fylkeslag og for klubbane lokalt, fortel Eirik Vikøren, leiar i 4H Sogn og Fjordane.

Styrer sjølv

Born og ungdom heilt ned i ti år, får i 4H ansvar som styreleiar, kasserar, styremedlem, arrangør, osv. Dei vaksne lager gode rammer, stiller rettleiande spørsmål og får dei unge til å reflektere. 4H står for klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Til vanleg er haustfesten gjerne eit ope arrangement, der nærmiljøet er invitert til mat, utdeling av 4H-merke, basar og underhaldning. I år har alle tenkt nytt. ROS-analysar og smittevernsjekklister er tatt i bruk. Viktige diskusjonar er tatt. Mottoet er som alltid «å lære ved å gjere». Klubbstyra har no planlagt flotte haustfestar utomhus, innomhus eller begge deler. Vi gler oss, smiler Vikøren.