Aller Aqua vil betale 200 kroner for kvar fisk som blir levert tilbake til anlegget i Sognefjorden. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

40.000 laksar kan ha rømt frå oppdrettsanlegg

Store mengder oppdrettslaks har rømt frå Aller Aqua sitt oppdrettsanlegg i Vadheim. No vil selskapet betale 200 kroner for kvar laks som blir levert tilbake. Rømminga i Sognefjorden er den største hendinga av dette slaget på fleire år, skriv NRK Vestland.

Hendinga skjedde laurdag, i samband med levering av fisk til slakt. Nøyaktig kor mange laksar som har rømt er ukjend, men det skal ha vore rundt 40.000 laksar i merden då hendinga skjedde.

Rømminga kan få store konsekvensar for villaksbestanden i elvar i området.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er djupt tragisk. Dette er ei genetisk forureining, og det treng vi ikkje meir av, seier Knut Munthe Olsen, grunneigar i Årøyelva i Sogn. (©NPK)