Jølster kommune opplevde rekordstor pågang av søkjarar då ei fysioterapistilling nyleg vart lyst ut.

26 ville bli fysioterapeut på Skei

– Vi er veldig godt nøgde med så god søkning, det er eit luksusproblem, seier kommuneoverlege og tenesteleiar helse i Jølster kommune, Anders Rosø.

Før jul vart det lyst ut ei fast stilling som fysioterapeut på Skei. Responsen var overveldande. Ikkje mindre enn 26 namn stod på søkjarlista.

– Overskot av fysioterapeutar

– Vi hadde fem søkjarar inne til intervju. Alle var svært godt kvalifiserte. 10-15 av søkjarane var nyutdanna eller i siste utdanningsåret, seier Anders Rosø og fortel om generelt godt kvalifiserte søkjarar.

Han meiner få utlyste stillingar og mange fysioterapeutar er ei medverkande årsak til den gode søkninga.

– Det er overskot av fysioterapeutar i marknaden, konstaterer han.

Også sist Jølster lyste ut stilling som fysioterapeut var søkninga bra.

– Då hadde vi sju søkjarar. Alle var inne til intervju og alle var godt kvalifiserte.

Les heile saka i papirutgåva fredag 6. januar.