Utlendingsdirektoratet (UDI) har til saman registrert 245 asylsøknader frå ukrainarar sidan Russland invaderte Ukraina i førre veke. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

245 ukrainarar har søkt om asyl i Noreg

Utlendingsdirektoratet (UDI) har til saman registrert 245 asylsøknader frå ukrainarar sidan Russland invaderte Ukraina førre veke.

Berre torsdag vart det registrert 116 asylsøkjarar frå Ukraina, opplyser UDI fredag ettermiddag. Dagen før var talet 70.

Alle som søkjer om vern i Noreg og skal innkvarterast på asylmottak, blir først tekne imot på Nasjonalt mottakssenter i Råde. Senteret er sett i beredskap som følgje av situasjonen i Ukraina og ein mogleg stor flyktningstraum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan Russlands invasjon byrja 24. februar, har meir enn 1,2 million menneske flykta frå Ukraina til nabolanda, ifølgje FNs høgkommissær for flyktningar.

EU-kommisjonen har vedteke å gi mellombels opphald til alle flyktningar frå Ukraina. Fredag ettermiddag var det ikkje kjent om Noreg òg vil gjere det same.

Politiets utlendingseining (PU) seier dei aukar kapasiteten for avklaring av identifikasjon og mottak av asylsøkjarar

– Vi har starta med å omdisponere personell internt. Samtidig jobbar vi no med å auke kapasiteten vår ved å tilsetje mellombelse politibetjentar ved seksjon for ID-innkomst, seier seksjonsleiar Are Magnus Olsen i PU til NTB.

Han seier kapasiteten på mottakssenteret i Råde er 1.000 personar, men no vil butida på mottakssenteret bli kortare enn normalt, slik at kapasiteten blir auka.

(©NPK)