Oppdrettarar på Vestlandet vil ha erstatning for produksjonstap.

21 oppdrettarar saksøker staten for raude lys på Vestlandet

21 oppdrettarar på Vestlandet går til nytt gruppesøksmål mot staten for å få oppheva dei raude lysa som vart innførte for vestlandskysten i 2022 og 2024.

Publisert

Selskapa, med Mowi i spissen, meiner at Nærings- og fiskeridepartementet er erstatningspliktig for dei økonomiske tapa som følgjer av trafikklys-reguleringa, skriv iLaks.no. Dei vil at dei raude lysa som blei bestemt for vestlandskysten i 2022 og 2024 må bli oppheva.

Oppdrettarane hevdar at staten sitt grunnlag ikkje er godt nok, og at premissane for trafikklyssystemet må gjennomgåast og kvalitetssikrast. Produksjonskapasiteten er redusert med 12 og 18 prosent for selskapa langs vestlandskysten, noko som inneber omfattande tap av inntekter.

– Havbruksbedriftene på Vestlandet krev å få bort dei raude lysa, slik at dei kan ta opp att normal produksjon. Dei har vist over fleire år at dei har svært god kontroll på lusesituasjonen, seier selskapas advokat, Trond Hatland.

I 2020 gjekk mange av dei same oppdrettsselskapa til søksmål mot staten i ei liknande sak, men då vann Nærings- og fiskeridepartementet både i tingretten og i lagmannsretten. Dei nye rettsforhandlingane vil gå i Hordaland tingrett hausten 2026.

Desse selskapa saksøker staten: Mowi, Quatro Laks, Nordfjord Laks, Fylkesnes Fisk, Lerøy Vest Sjø, Osland Havbruk, Steinvik Fiskefarm, Bolaks Sjø, Troland Lakseoppdrett, Langøylaks, Marø Havbruk, E. Karstensen Fiskeoppdrett, Erko Seafood, Kobbevik og Furuholmen Oppdrett, Alsaker Fjordbruk, Flokenes Fiskefarm, Sandnes Fiskeoppdrett, Austevoll Melaks, Fremskridt Laks, Sjøtroll Havbruk og Engesund Fiskeoppdrett. (©NPK)

Powered by Labrador CMS