Jølsterordførar Oddmund Klakegg meiner 2017 vert eit avgjerande år i kommunesamanslåingsprosessen.

– 2017 vert eit avgjerande år

– Vi skal byggje ein ny storkommune for 22.000 innbyggjarar og ein organisasjon for 2500 tilsette. Det er ei kjempestor oppgåve, seier Jølster-ordførar Oddmund Klakegg.

2017 vert eit avgjerande år i samanslåingsprosessen for den nye storkommunen i Sunnfjord. Oddmund Klakegg konstaterer at arbeidet går framover, men i sakte fart. Han har notert seg innspelet frå Magne Skrede som vil ha desentraliserte tilbod og kraftfond som sikrar at inntektene kjem vertskommunen til gode.

Stor jobb

– 2017 vert eit svært viktig år i samanslåingsprosessen. Det er ein stor jobb som skal gjerast. Vi skal lage ein ny kommune med felles identitet for 22.000 innbyggjarar og byggje ein organisasjon for 2500 tilsette. Dersom vi skal lukkast, treng vi engasjement som det Magne Skrede viser, seier Klakegg og gjer det klart at han er samd i det meste.

– Eg har ingen problem med det Magne Skrede tek opp. Noko av det er i tidlegaste laget, men tankane må vi gjere oss no, seier Oddmund Klakegg.

Han meiner prosessen går framover, men føler også at arbeidet i prosjektgruppa, som er samansett av rådmennene, ordførarane og tillitsvalde, går seint og er prega av at myndet framleis ligg i dei respektive kommunestyra.

– Vi er framleis der at vi arbeider med overordna spørsmål. Eg føler vi trår vatnet litt og hadde håpa vi var komne lenger, seier Klakegg.

Les meir i papirutgåva fredag.