Det blir stadig mindre vanleg å bruke kontantar her til lands. No er det umogleg å setje inn kontantar på bankkontoen sin i 20 norske kommunar. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB.

20 kommunar manglar kontanttenester

I 20 kommunar er det korkje minibank, bank i butikk eller bankfilial. Det er umogleg å gjere bankinnskot der, og det kan vere lovstridig, ifølge Finanstilsynet.

Alle kommunane hadde desse tilboda på plass i 2018, men dei er no borte, viser ei oversikt frå Finanstilsynet, ifølgje P4.

I desse kommunane er det no berre mogleg å ta ut kontantar over disken når ein handlar i daglegvarebutikkane. Der er maksgrensa på 1.500-2.000 kroner, og ein kan ikkje få sett inn pengar på bankkontoen sin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette kan vere i strid med lova, meiner avdelingsdirektør Per Mathis Kongsrud i Finanstilsynet. I finansføretakslova heiter det nemleg at skal bankane skal kunne få kontantane til kundane, påpeikar Kongsrud.

– Sidan no stadig færre bruker kontanttenester, opplever vi at fleire bankar meiner dei ikkje har ei plikt til å tilby dette. Det inntrykket vil vi endre på, seier han.

Blant kommunane som no manglar dette tilbodet, er Bardu i Troms og Finnmark. Dette har skapt trøbbel, særleg for mange av dei eldre innbyggjarane til kommunen, ifølgje ordførar Toralf Heimdal.

– Vi merke det særleg rundt høgtidar, som til dømes konfirmasjonar, at mange saknar dette tilbodet. Fleire eldre er heller ikkje godt kjende med digitale løysingar som Vipps, noko som gjer situasjonen ekstra vanskeleg, seier Heimdal.

(©NPK)