20-åring sakna i Eidsfjorden

Det er den 20 år gamle Lieve Deckers som er sakna i Eidsfjorden i Nordfjord, opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding søndag kveld.

Politiet frigir namnet i samråd med dei pårørande.

Det var rundt klokka eitt på ettermiddagen laurdag 1. nyårsdag alarmen gjekk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vitne såg ein person, ei dame/jente, som gjekk ut på stranda i Sagaparken i Nordfjordeid sentrum, kjende på vatnet og starta å symje utover.

Dei blei sett i gang ein stor leiteaksjon. Laurdag kveld opplyste politiet at status for søket etter den sakna var endra frå søk etter person i live, til søk etter antatt omkomen person.

Deckers var busett på Nordfjordeid.