18 nye smittetilfelle i Stad

Til saman 18 nye tilfelle av covid-19-viruset blei påvist i Stad kommune torsdag, 13 i Selje og fem på Nordfjordeid.

– Testresultat torsdag kveld viser at åtte personar innanfor ein husstand og tre personar innanfor ein annan husstand i Selje har fått påvist smitte. Begge familiane har tilknyting til vaksenopplæringa i Selje og vart sette i karantene allereie tysdag kveld på grunn av mistanke om at det kunne finnast smitte i dette miljøet. Torsdag kveld er det også påvist at ein lærar ved vaksenopplæringa er smitta. Vedkomande var allereie i karantene. Til saman har då tolv personar knytt til vaksenopplæringa fått påvist smitte torsdag kveld. I tillegg er to av smittetilfella som vart kjende onsdag kveld også kopla til same miljø, skriv kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i ei pressemelding.

Éin annan person i Selje har også fått påvist smitte torsdag kveld. Denne personen var allereie i karantene på grunn av kjend nærkontakt med tidlegare smitta, og smitten er kopla til kjend smitte ved vaksenopplæringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nærkontaktar til den først påviste smitta i Selje tysdag kveld, har ikkje fått påvist smitte etter første test onsdag.

– Blant dei smitta i Selje er born i Selje barnehage og elevar ved Selje skule som kan ha vore smittsame inn i sine avdelingar/klassar måndag og tysdag denne veka. To avdelingar ved Selje barnehage vart sette i karantene onsdag kveld og testa torsdag. Torsdag kveld vart siste avdeling i barnehagen også sett i karantene, og testing vert gjort fredag. Ved Selje skule er det påvist smitte hos elevar/tilsette på første, tredje, åttande og niande trinn. Elevar/tilsette på desse trinna er sette i karantene og vert testa fredag. Husstandsmedlemmar er i ventekarantene i påvente av negativt svar på testen. Andre trinn på Selje skule har heimeskule fredag, heiter det i pressemedlinga.

På Nordfjordeid har fire personar i husstand med ein tidlegare smitta person fått påvist smitte torsdag kveld. Desse tilfella var venta, og dei utløyser ingen nye nærkontaktar.

Til sist har det torsdag kveld også blitt påvist smitte hos ein elev ved sjette trinn på Nordfjordeid skule.

– Smittevegen er foreløpig ukjent. Eleven har ikkje vore på skulen sidan 5. mars, og eleven har ikkje vore ei kjelde til smitte inn i skulemiljøet ved Nordfjordeid skule. Dette nye tilfellet gir derfor heller ikkje grunnlag for karantene for sjette trinn eller andre trinn ved skulen. Det vil likevel bli gjort ei fornya kartlegging med testing av alle elevar på sjette trinn for å utelukke at det kan finnast skjult smitte som kan skrive seg frå starten av utbrotet. Dette er lite sannsynleg, men testing vert gjort som eit ekstra tryggingstiltak i arbeidet med å slå ned smitteutbrotet.