16 nye smittetilfelle i Gloppen

Det er sidan fredag 12. november klokka 12 registrert 16 nye koronasmitta personar i Gloppen kommune.

Det opplyser kommunen i ei pressemelding måndag.

– Dette er eit litt høgre smittetal per dag enn tidlegare, men det skuldast i hovudsak fleire smitta i to familiar, heiter det i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tolv av dei smitta er nærkontaktar til tidlegare smitta og smitteveg er kjend. For fire av dei smitta er smitteveg ukjend, smittesporing pågår.

Dei smitta er knytte til Mona barnehage, Austrheim barnehage, Gloppen ungdomsskule og Sandane skule.

Ein av dei smitta er ikkje knytt til desse barnehagane/skulane.

Det er no til saman 93 personar i Gloppen som er smitta med korona sidan smitteutbrotet starta 22. oktober.