Politiet har hatt kontroll. (Illustrasjonsfoto)

121 km/t forbi Egge

Ein person fekk kverrsett sertifikatet og er meld etter å ha køyrt i 121 km/t gjennom ein kontroll i 80-sona på E39 forbi Egge onsdag kveld.

I tillegg må fire førarar betale eit forenkla førelegg for å ha køyrt for fort gjennom same kontrollen. Høgs fart av desse var 104 km/t.

Lenger sør på E39, på Byrkjeland i Gaular, fekk heile 20 førarar forenkla førelegg i ein kontroll i 80-sona der. Høgste hastigheta her var 107 km/t.



Ein motorsyklist vart frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse etter ei utforkøyring på rv5 aust for Storebru. Motorsyklisten, ein 57 år gamal mann, skal vere lettare skadd og vart innlagd på sjukehuset. Det skal ikkje vere andre involvert i ulukka. Det var manuell dirigering på vegen ei periode etter utforkøyringa.



På Skei fekk sju førarar bøter i ein kontroll der. Fem fekk for å ikkje bruke bilbelte, to for handhalden mobil.

I Sogndal vart det delt ut åtte bøter for handhalden mobil og ei for manglande bilbelte.

Både i Sogndal og på rv15 ved Totland i Vågsøy heldt politiet promillekontroll. Til saman 139 førarar var kontrollerte, og ingen fekk utslag.