Isak Husevåg frå Nordfjordeid låg godt an då fiskekonkurransen nærma seg slutten.

1111 prøvde fiskelukka

Jølster Aurefest vart ein stor suksess.

Dette er ein kjempesuksess, seier Finn Årdal som er ansvarleg for den praktiske gjennomføringa av Jølster Aurefest. 1111 personar melde seg på fiskekonkurransen. Ein så stor fiskekonkurranse har aldri vore arrangert i Sogn og Fjordane, meiner han.

Det handla ikkje om å vinne den største fisken for å vinne hovudpremien, ein splitter ny bil, men om å kome nærast ei trekt idealvekst som ingen visste før etter at konkurransen var avslutta. Litt over halvparten av fiskarane fekk fangst der snittvekta var 225 gram.


Isak Husevåg frå Nordfjordeid har delteke i fiskekonkurranse sidan Jølster Aurefest vart etablert. Han hadde fått to ganske flotte fiskar då fiskekonkurransen nærma seg slutten klokka 15 laurdag.
- Her treffer eg mykje folk, og så likar eg veldig godt å fiske, seier han.

Vinnaren
Ti år gamle Håvard Aarøen Taklo vann hovudpremien. Han tok ein fisk som vog 636 gram, berre 15 gram frå idealvekta. Han fiska på steinbryggja på Ålhus. No siktar han seg inn på deltaking neste år og kanskje ein ny siger.





Fyldig reportasje i måndagsavisa

Det var liv og røre og masse folk på Skei laurdag
Vinnaren av hovudpremien vart Håvard Aarøen Taklo (10) frå Ålhus. Han fekk bilen overlevert av Line Jarmot frå Volvo Norge.