Gloppen: Han er ein av toppane i selskapet Cisco, og har heile verda som arbeidsfelt. Når den utflytte glopparen er heime, nyttar han sjansen til å hamstre tørrmat frå Noreg. – Ingenting er som dei norske suppene, smiler Ole Bent Rye (50).

– Regelverket tek ikkje omsyn til naturverdiane

Gloppen formannskap gjennomførde det som må kallast innleiande drøftingar om den nye 420 kV kraftlinja gjennom fylket, og kanskje Gloppen, på siste møte. Den endelege debatten i formannskapet skal først skje 31. mai, medan kommunen sitt syn vert vedteke i kommunestyret 18. juni.

Ulike syn
Som kjent har Statnett søkt konsesjon for to alternativ gjennom Gloppen. Det eine går i fjellområdet vest for Solheim til Straumsbotnen, gjennom Ålfotbreområdet til Ålfoten. Det andre alternativet går aust for Rambergvatnet, forbi Røyrvik til Straumsbotnen. Her er det to variantar forbi Skilbreivatnet.
Ordskiftet i formannskapet kan kort oppsummerast med at det er delte meiningar, og kanskje ein aukande motstand. Både Olaf Sig. Gundersen (Sp) og Sjur Atle Austrheim (H) markerte seg som klare motstandarar. Begge hadde med sine eigne framlegg som på kvar sine måtar går mot at kraftlinja går gjennom Gloppen. Ingen av framlegga vart røysta over, men dei vil nok kome på bordet igjen når saka vert endeleg diskutert i formannskapet 31. mai.

Les meir i papirutgåva

Olaf Sig. Gundersen meiner naturkvalitetane ikkje vert tekne tilstrekkjeleg omsyn til når det vert bygt kraftlinjer.