Forsknings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V). Foto: Marte Garmann.

Nye studentbustader til Førde

Kunnskapsdepartementet gir tilskudd til 1 448 nye studentbustader på sju ulike stader i landet, og Førde får 19 av desse.

– Fleire studentbustader sikrar eit rimelig og føreseieleg bustadtilbod for studentane, seier forsknings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

Regjeringa har auka nivået for bygging av studentbustader frå rundt 1000 tilsagn årleg før 2013.

- I år har vi pengar til å bygge heile 3 400 studentbustader. Det er det høgste nokon gong. Vi har ikkje fått inn nok søknader i denne runden, og vi vil derfor vurdere å ha ei ny utlysning til hausten, seier Nybø.

Statssekretær og ordførarkandidat i Sunnfjord, Atle Hamar (V), viser til at bygging av studentbustader har vore ei viktig sak for regjeringa og Venstre i fleire år.

- 19 nye studentbustader er eit løft for høgskulen i Førde, og viktig for rekrutteringa til sjukepleiar og ingeniørutdanningane, seier han.

Ordførar i Førde, Olve Grotle (H), peikar på at det er gledeleg at Kunnskapsdepartementet no gir støtte til bygging av ytterlegare 19 nye studentbustader i Førde. Saman med den støtta som blei gitt i fjor haust til 30 nye studentbustader, er det no i alt gitt støtte til om lag 50 nye studentbustader i bygdebyen. Det er i samsvar med prosjektet Saman arbeider med i Vieåsen i Førde, og som vil vere eit stort og viktig løft for studentane og studentbyen Førde.

- Det er svært viktig at vi opprettheld og utviklar utdanningstilboda i regionen vår, og dette er ei viktig støtte til det, meiner Grotle.

Stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF) seier at når det no kjem endå fleire studenthyblar i Førde, vert det endå lettare å vere student i Sunnfjord. Studenthyblar har vore prioritert i statsbudsjetta over tid, og det monnar.