Hans Andenæs (t.v.) og Geir Inge Tystad vart begge tildelt æresmedlemskap i Fjæra Bluesklubb i helga.

Nye æresmedlemer i bluesklubben

Utan å vite noko om det på førehand, vart Hans Andenæs tildelt æresmedlemskap i Fjæra bluesklubb fredag kveld. Han innrømmer at han vart tatt på senga då han vart ropt opp på scena for å ta imot diplom og blomster.

– Det var heilt uventa. Eg hadde ikkje tenkt tanken ein gong, for eg hadde vore med på å bestemme at vi skulle utnemne Geir Inge i år. Det er likevel gledeleg å bli sett pris på. Det følgjer eit ansar med å vere leiar i klubben, men arbeidet vi legg ned er i aller høgste grad eit lagarbeid. Det er mange som legg ned stor innsats, seier Andenæs.

På strak arm 

Laurdag kveld var det Geir Inge Tystad sin tur til å ta imot heider og ære. Han har hatt det tekniske ansvaret på svært mange av Fjordblues-festivalane.

– I tillegg til å ha det tekniske ansvaret, har eg vedlikehalde utstyret og kjøpt inn nytt utstyr. Festivalane er ofte eit logistisk mareritt. Arrangementet er på hausten, og på fjellovergangane er det ofte vinter. Vi prøver å planleggje lydprøver, konsertstart og sy alt saman på best mogleg måte, men så er det eit band som kjem forseinka av garde frå Oslo og skal over ein fjellovergang og kjem nesten direkte til speling. Det kan vere litt utfordrande å få det til å gli på ein god måte. Jobben min er kort sagt å ta utfordringane som dukkar opp på strak arm, fortel han.

Tystad vart litt rørt då han vart gjort stas på.

– Ein ting er å få ein diplom på eit styremøte, noko anna er å bli invitert fram på scena under sjølve festivalen. Det sette eg veldig pris på, seier han.

– Kva betyr bluesklubben for deg?

– Eg får nokre avbrekk i kvardagen, og noko anna å tenkje på og ta ansvar for. I tillegg er dette ein god gjeng å vere i lag med. Alt pleier som regel å gå fint uansett kor gale utgangspunktet kan vere. Vi er ein samstemt gjeng som løftar i flokk, seier 46-åringen.

Han har ikkje tenkt å pensjonere seg sjølv om han er blitt æresmedlem.

– Eg kjem til å halde fram engasjementet. Lyd har alltid vore ein hobby, og alt eg kan har eg lært gjennom å prøve og feile i snart 20 år, seier han, som til vanleg køyrer næringsavfall for Retura NoMil.

Frå før er desse blitt utnemnde til æresmedlemmer i Fjæra Bluesklubb: Svein Inge Sørensen, Astrid Urke, Richard Schumann, Leif Egil Verpeide og Peter Lothe. Klubben vart skipa i 1991.